Kabelias
Kabelias (arabisk قب الياس Qab Ilyās, òg skrive Kab Elias, Qab Elias, Qob Elias og Qoub Elias) (Wadi Ed Delm er ein kommune i Zahle distrikt i Libanon. Kabelias ligg 15 km frå Zahleh og 45 km frå hovudstaden Beirut. Han ligg 950 meter over havet og har eit areal på kring 32 km². Dei fleste innbyggjarane er sunnimuslimar.[1]
Kabelias | |||
by | |||
Fakhreddin II-borga
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Zahle distrikt | ||
Koordinatar | 33°47′36″N 35°49′22″E / 33.793409°N 35.822696°E | ||
Areal | 32 km² | ||
Folketal | 50 000 (2011) | ||
Kabelias 33°47′36″N 35°49′22″E / 33.793409°N 35.822696°E | |||
Kart som viser Kabelias.
| |||
Wikimedia Commons: Kabelias |
Kabelias er den tredje største byen i Beqaadalen, etter Zahleh og Baalbeck.
Namn
endreKabelias hadde opphavleg eit fønikisk namn, men dette vart seinare kalla Kaber Elias (Grava til Elias). Dette kom av at ein trudde at profeten Elias var gravlagde der. Seinare vart namnet forkorta til Kabelias.
Folkesetnad
endreDet er estimert at det bur kring 55 000 innbyggjarar i Kabelias spreidd i bydelane Kabelias Fawka, Kabelias Tahta, Wadi El Delm, garden Bmahray og Bahsasa.
Turistmål
endreEin trur at borgruinane til drusarar-prinsen Fakhreddin II var den største borga i Beqaadalen og han valde denne staden på grunn av høgda og det gode forsvaret mot osmanarane. Borga vart etter kvart øydelagd av osmanarane, men ruinane ligg her enno.
Haidara-ruinane er datert attende til Romarriket. I følgje ei lokal segn var det ein gong ein spegel på sida av bygningen, som brukte å reflektere sollys ned i landsbyen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kabelias» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Municipality of Kabelias - Wadi El Delm
- http://www.localiban.org/spip.php?article3745
- http://www.Kabelias.org Arkivert 2014-05-17 ved Wayback Machine.
- http://www.Kabelias.net
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 10. juli 2014