Kabinettsekretær er ei funksjonærstilling for ein konge, ei dronning eller ein fyrste. Denne står for den personlege korrespondansen til den kongelege og kontorhaldet hans. I Noreg heiter det personlege kontoret til kongen H.M. Kongens kabinettsekretariat og det er leidd av kabinettsekretæren.

Under einevelde i Danmark-Noreg var det i periodar den mektigaste posisjon nest etter kongen. Kjende kabinettsekretærar under einevelde er mellom anna Johann Friedrich Struensee og Johan Gunder Adler, kabinettsekretær hos Christian Frederik.

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra