Kaczawa

Kaczawa (tysk Katzbach) er ei elv i Nederschlesiske voivodskap i Polen. Ho spring ut frå Bóbr-Kaczawa-fjella nær Kaczorów og renn nord og nordaustover gjennom byane Świerzawa, Złotoryja og Legnica. Etter ei lengd på 98 km munnar Kaczawa ut i elva Oder ved Prochowice.

Kaczawa
elv
Legnica Neobarokowy most 2006-01.jpg

Kaczawa
51°17′48″ N 16°25′12″ E
Wikimedia Commons: Kaczawa
Kaczawaelva

Kaczawa mellom Legnica og Dunino var åstad for slaget ved Katzbach den 26. august 1813 under napoleonskrigane.