Nederschlesiske voivodskap

Nederschlesiske voivodskap (polsk województwo dolnośląskie eller berre Dolnośląskie) er eit av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sørvest i Polen og utgjer om lag regionen Nederschlesien (den nordvestlege delen av den historiske og geografiske regionen Schlesien), som vart avstått til Polen frå Tyskland mot slutten av den andre verdskrigen. Hovudstaden og den største byen er Wrocław (tysk Breslau) ved elva Oder.

Nederschlesiske
voivodskap
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Wrocław
Areal 19 948 km²
Folketal 2 915 245 (31. desember 2012)[1]
Grunnlagd 1999
Kart
Nederschlesiske voivodskap
51°05′00″N 16°23′00″E / 51.083333333333°N 16.383333333333°E / 51.083333333333; 16.383333333333
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Lower Silesian Voivodeship

Geografi endre

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Wrocław, Legnica, Wałbrzych og Jelenia Góra. Det dekkjer eit areal på 19 948 km².

Sjølv om det meste av regionen er relativt låg, som namnet viser til, men inneheld òg ein del av fjellkjeda Sudetane som går langs grensa mellom Polen og Tsjekkia. Av populære skisstader i Nederschlesiske voivodskap finn ein Karpacz og Szklarska Poręba i Karkonoszefjella. Byen Kudowa Zdrój, òg i Sudetane, vest for Kłodzko nær grensa til Tsjekkia, er ein tradisjonell kurstad som ofte vert vitja av pasientar med hjartesjukdomar. Andre viktige turistdestinasjonar er hovudstaden Wrocław og byane Jelenia Góra og Legnica.

Nederschlesiske voivodskap grensar til Lubusz-voivodskapet i nordvest, Storpolske voivodskap i nordaust, Opole-voivodskapet i søraust, Tsjekkia i sør og Tyskland i vest.

Nederschlesiske voivodskap er delt inn i 29 fylke (powiat). Tre av desse er byfylke og 26 landfylke. Desse er igjen delt inn i 169 gmina eller kommunar.

Byar endre

Voivodskapet inneheld 91 byar (innbyggjartal frå 2006 [1][daud lenkje]):

1. Wrocław (635 280)
2. Wałbrzych (125 773)
3. Legnica (105 485)
4. Jelenia Góra (86 663)
5. Lubin (76 595)
6. Głogów (68 954)
7. Świdnica (60 354)
8. Bolesławiec (40 837)
9. Oleśnica (36 951)
10. Dzierżoniów (34 678)
11. Zgorzelec (32 925)
12. Bielawa (31 219)
13. Oława (30 908)
14. Kłodzko (28 249)
15. Jawor (24 347)
16. Nowa Ruda (24 261)
17. Świebodzice (23 126)
18. Polkowice (22 279)
19. Lubań (22 137)
20. Kamienna Góra (21 440)
21. Bogatynia (19 068)
22. Strzegom (16 782)
23. Boguszów-Gorce (16 687)
24. Złotoryja (16 503)
25. Ząbkowice Śląskie (16 242)
26. Jelcz-Laskowice (15 196)
27. Chojnów (14 389)
28. Brzeg Dolny (12 786)
29. Góra (12 574)
30. Wołów (12 286)
31. Strzelin (12 192)

32. Trzebnica (12 180)
33. Milicz (12 004)
34. Kowary (11 824)
35. Syców (10 712)
36. Bystrzyca Kłodzka (10 638)
37. Kudowa-Zdrój (10 204)
38. Lwówek Śląski (9 687)
39. Pieszyce (9 490)
40. Ziębice (9 234)
41. Środa Śląska (8 800)
42. Oborniki Śląskie (8 426)
43. Chocianów (8 215)
44. Gryfów Śląski (7 128)
45. Szklarska Poręba (7 094)
46. Głuszyca (6 999)
47. Żarów (6 902)
48. Polanica-Zdrój (6 900)
49. Twardogóra (6 866)
50. Sobótka (6 780)
51. Piława Górna (6 779)
52. Żmigród (6 573)
53. Przemków (6 551)
54. Lubawka (6 529)
55. Piechowice (6 494)
56. Stronie Śląskie (6 246)
57. Lądek-Zdrój (6 181)
58. Ścinawa (5 934)
59. Pieńsk (5 799)
60. Szczawno-Zdrój (5 506)
61. Kąty Wrocławskie (5 418)
62. Bolków (5 380)

63. Jaworzyna Śląska (5 240)
64. Szczytna (5 234)
65. Jedlina-Zdrój (5 116)
66. Duszniki-Zdrój (5 113)
67. Bierutów (5 066)
68. Karpacz (5 063)
69. Olszyna (4 786)
70. Leśna (4 752)
71. Świeradów-Zdrój (4 554)
72. Mieroszów (4 515)
73. Zawidów (4 412)
74. Mirsk (4 136)
75. Nowogrodziec (4 055)
76. Wojcieszów (3 940)
77. Siechnice (3 851)
78. Prochowice (3 702)
79. Niemcza (3 121)
80. Węgliniec (3 072)
81. Złoty Stok (2 930)
82. Bardo (2 860)
83. Wąsosz (2 828)
84. Międzylesie (2 776)
85. Radków (2 460)
86. Świerzawa (2 439)
87. Międzybórz (2 356)
88. Wiązów (2 230)
89. Prusice (2 203)
90. Wleń (1 884)
91. Lubomierz (1 818)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Rocznik Statystyczny - Województwa Dolnośląkiego»; side(r): 101; vitjingsdato: 3. august 2014; tidspunkt: desember 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nederschlesiske voivodskap