Opna hovudmenyen

Kafr Qara eller Kafr Qari (arabisk كفر قرع, כַּפְר קַרִע) er ein israelsk-arabisk by, 40 km søraust for Haifa i Israel. I 2009 var folketalet 15 300.[2] Kfar Qara har rekorden for flest legar i høve til folketalet i landet, kring 14,8 legar per tusen innbyggjarar (2007), i tillegg til å ha flest akademikarar og folk med mastergrad i høve folketalet.[3].

Kufur Qara
כַּפְר קַרִע, كفر قرع, Kefar Qara, Kfar Qari
by
Kafr Qara P1070763.JPG
Namneopphav: Graskarlandsbyen[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°30′20.89″N 35°3′13.76″E
Areal km²
Folketal 15 300 (2009) [2]
Folketettleik 2 186 / km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kafr Qara

Kafr Qara er ein del av Triangelet. Han ligg i Wadi Ara-regionen, nordvest for den grøne linja. Dei fleste innbyggjarane er muslimar.[2] Han vert styrt som ein lokal kommune.

HistorieEndra

I 1859 var folketalet 450 innbyggjarar..[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund Kefr Kara i i Survey of Western Palestine som ein «stor steinlandsby i høgareliggande område, med ein brunn i aust og grotter».[4]

I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr Qara 776 innbyggjarar, ni kristne og 767 muslimar.[5] Dette hadde auka i 1931 til 1 109, fire kristne og 1 105 muslimar, i 198 hus.[6]

I 1945 hadde Kafr Qari eit folketal på 1 510 arabarar, som eigde 14 543 mål land.[7] Av dette var 227 mål for plantasjar og kunstig vatna land, 11 516 for korn,[8] medan 25 mål var utbygde område.[9]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881, p. 147
  2. 2,0 2,1 2,2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 30. mars 2015. 
  3. http://www.haaretz.co.il/misc/1.1449256
  4. 4,0 4,1 Conder and Kitchener, 1882, SWP II, p. 42
  5. Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Haifa, p. 34
  6. Mills, 1932, p. 94
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, ' 1970, p. 48
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 90
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 140

BakgrunnsstoffEndra