Kaj Leo Johannesen
Kaj Leo Holm Johannesen (fødd 28. august 1964) er ein færøysk politikar som var lagmann på Færøyane frå 2008 til 2015.
Kaj Leo Johannesen | |||
| |||
Fødd | 28. august 1964 (60 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Sambandsflokkurin (1988) | ||
Yrke | fotballspelar, handballspelar, politikar, forretningsdrivande, skipsførar | ||
Verv | Lagmann på Færøyane 2008-2015 | ||
Føregangar | Jóannes Eidesgaard | ||
Etterfylgjar | Aksel V. Johannesen | ||
Alle verv |
|
Kaj Leo Johannesen er tidlegare skipsførar og medeigar av Farex, eit fiskeeksportfirma.
Johannesen var frå 1997 til 2000 byrådsmedlem i Tórshavn, og lagtingsmedlem sidan 2002. Han var landsstyresmann for utanrikssaker (utanriksminister) frå 2004 til 2008. I 2004 vart han òg leiar for det liberalkonservative partiet Sambandsflokkurin (Sambandspartiet).
26. september 2008 blei Kaj Leo Johannesen vald som lagmann i ei koalisjonsregjering mellom Sambandsflokkurin, det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin og det konservative Fólkaflokkurin (Folkepartiet). Johannesen legg mellom anna vekt på å knyta Færøyane nærare til EU.
Johannesen er òg ein tidlegare fotballspelar. Han var målmann for den færøyske klubben HB Tórshavn i 16 år (1984–2000), og blei færøysk meister i 1988, 1990 og 1998. Han spelte òg 4 landskamper for Færøyane sitt A-landslag i 1991 og 1992.
Johannesen er gift med Jórun Johannesen. Dei har sønene Heina og Jákup og bur i Tórshavn.
Kjelder
endre- 'Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå færøysk wikipedia, 9.oktober 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Kaj Leo Johannesen si heimeside Arkivert 2008-12-04 ved Wayback Machine. på færøysk.