Kajaki-demninga er ei demning i provinsen Helmand i Afghanistan, langt sør i landet. Det er ein kombinert irrigasjons- og kraftproduksjonsdam, bygd i 1953. Høgda er 100 meter, lengda 270 meter og reservoaret har eit største volum på 1,2 km³ (1 200 millionar m³).

Kajaki-demninga i Afghanistan.

90 km nord for Kandahar skaffar demninga rislingsvatning og gjer 1 800 km² tidlegare ørkenområde fruktbart for dyrking. Total installert vatn/vasskrafteffekt er to gangar 16,5 MW, totalt 33 MW. Ein tredje turbin på 51 MW er allereie installert og har auka dagens produksjon til 86 MW. I framtida skal nye prosjekt auka kapasiteten til nærare 150 MW.

Installasjonen av nye turbiner og generatorar i 2008 kravde eskortering med 4 000 soldatar gjennom ein fem dagar lang transportetappe i denne krigsherja provinsen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • IndustCards – Conventional hydroelectric power plants in Afghanistan.