Kaktusfamilien
Utbreiing
Utbreiinga av kaktusfamilien
Utbreiinga av kaktusfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Kaktusfamilien Cactaceae
Juss., 1789

Kaktus er ei plante i kaktusfamilien (Cactaceae), som høyrer til ordenen Caryophyllales. Familien omfattar 90 planteslekter, og om lag 2000 særprega artar av blomsterplanter. Kaktusen er utbreidd i varme, tørre strøk.

Kaktusar er sukkulentar som lagrar vatn i stammen eller røtene. Alle kaktusar er sukkulentar, men ikkje alle sukkulentar er kaktusar – namnet kaktus vert nokre gonger brukt feilaktig om andre tjukke, saftige planter. Det som fyrst og fremst kjenneteiknar kaktusar er ein sylindrisk, høg og greinete eller kort og kuleforma stengel. Desse er gjerne omdanna til tjukke, saftige ledd som tilpassing til overleving i tørre strøk. Dei fleste kaktusane er tilsynelatande bladlause, for blada er reduserte til små skjelliknande danningar eller er omdanna til tornar. Nokre få (i slekta Pereskia) har normale blad og er bladfellande. Storleiken og forma på plantene varierer frå små piggeballar til treliknande stammar med høgd på over 3 meter.

Kjempekaktusen er godt kjend frå USA-amerikanske villvestfilmar.

Kaktus er særleg utbreidd i Amerika, men finst også rundt Middelhavet og i Aust-Afrika. Frå arten fikenkaktus (Opuntia ficus-indica) kjem den etande frukta kaktusfiken. Safta frå andre kaktustypar vert brukt som ingrediens i ulike sminke- og hudpleiemiddel.

Piggane som dekkjer overflata på kaktusen vernar han mot skadar frå eventuelle tørste dyr som kan finne på å forsyne seg av vasslageret.

Dei små og til dels mellomstore kaktusane er populære stoveplanter, men toler ikkje overvatning, for kaktusar døyr av for mykje vatn. Plantecellene trekk då til seg vatn til cellemembranane rivnar, og planta sluttar å transportere vatn frå røtene. Likevel vil celle etter celle verte smitta av naboen under, til heile planta er eit vasse skinn.

Kjelder endre