Fikenkaktus

Fikenkaktus
Fikenkaktus
Fikenkaktus
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Kaktusfamilien Cactaceae
Underfamilie: Opuntioideae
Stamme: Opuntieae
Slekt: Opuntia
Art: Fikenkaktus O. ficus-indica
Vitskapleg namn
Opuntia ficus-indica

Fikenkaktus er ein art i kaktusfamilien som produserer kaktusfiken eller kaktusfrukt. Planten har flattrykte, leddete stammar, gule blomar. Fruktene er kjende som kaktusfiken. Dei har tjukt, tornefullt skal, men kan etast.

Fikenkaktus stammar frå tropisk Amerika, men er blitt planta og naturalisert mange andre stader. Han er svært vanleg i middelhavslanda. Kaktusen er også brukt som hekkplante, og dannar lett ugjennomtrengelege kratt som kan bli fleire meter høge.

GalleriEndra

KjelderEndra

  • «Fikenkaktus» (21. desember 2010). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juni 2015.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fikenkaktus