Kalixälven

Kalixälven eller Kalix älv er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 430 km lang[1] og nedbørområdet er 18 130 km²[2] og middelvassføringa er 290 m³/s.

Kalixälven
Kalix älv
elv
OvermorjarvFromKalixRiver200607.JPG
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Norrbotten
Nedslagsfelt 18 130,1 km²
Lengd 450 km
Vassføring
 - middel 290 /s
Munning Bottenviken
 - stad Kalix
 - koordinatar 65°50′N 23°11′E

Kalixälven
65°49′52″ N 23°11′23″ E
Wikimedia Commons: Kalix River

Elva byrjar i Kebnekajse-massivet i Kiruna kommun, og renn mot søraust gjennom landskapet Lappland. Ved Tärendö snur elva mot sør og renn gjennom Norrbotten. Ho munnar ut i Bottenviken søraust for Kalix. Dei viktigaste sideelvane er Kaitumälven, Tärendöälven og Ängesån.

Kalixälven er saman med Vindelälven, Torne älv og Pite älv ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til energiproduksjon. Det ligg fleire fosser og stryk i elva, derav dei største er Jockfallet og Linafallet.

Namnet er ei forsvensking av det nordsamiske namnet Gáláseatnu, som er danna av gállit = «vade» eller gálus = «sval» og eatnu = «stor elv». På Tornedalsfinsk vert kalla elva Kainhuun väylä, Kaihnuun väylä i den sørlege delen av elva, nedstraums frå Tärendö. Nord for Tärendö nyttar ein ofte Kaalas väylä eller/og Kaalas eno.

Elva var frå russisk side foreslått som grenseelv då Sverige måtte avstå Finland til Russland etter Finskekrigen i 1808-1809. Sverige ønskte at grensa skulle gå ved Kemi älv, og til slutt vart grensa trekt ved Torne älv, midtvegs mellom dei to.

KjelderEndra

  1. SMHI Vattendragsregistret (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2006-07-21, henta 21. juli 2006 
  2. Sveriges huvudavrinningsområden (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2018-09-28, henta 18. juni 2012