Pite älv
Pite älv eller Piteälven (pitesamisk Bidumiedno, lulesamisk Bihtámädno) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 410 km lang[1], med eit nedslagsfelt på 11 285 km²[2] og ei middelvassføring ved utløpet på 160 m³/s.
Pite älv | |||
Piteälven, Piteå älv | |||
elv | |||
Trollforsen i september 2010
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 285,3 km² | ||
Lengd | 400 km | ||
Vassføring | |||
- middel | 160 m³/s | ||
Kjelde | Pieskehaure | ||
Munning | Bottenviken | ||
- koordinatar | |||
![]() Pite älv | |||
Wikimedia Commons: Pite älv | |||


Elva har utspring frå innsjøen Pieskehaure ved grensa mot Noreg, like aust for Sulitjelma. Ho renn derfrå i søraustleg retning og passerer gjennom fleire store innsjøer, som Tjeggelvas og Vuolvojaure. Ho munnar ut i Bottenviken ved Pitsund, 10 kilometer sør for Piteå. Dei største sideelvane er Abmoälven, Varjisån, Vistån og Lillpiteälven.
Pite älv er ei av nasjonalelvane i Sverige, og er saman med Vindelälven, Torne älv og Kalixälven ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til kraftproduksjon. Den største fossen er Storforsen ved Vidsel, som òg er det største turistmålet i Norrbotten med ca. 180 000 vitjande per år. Andre kjende fossar er Trollforsarna, Benbryteforsen, Åkerselforsen, Trångforsen og Fällforsen. Ved Hundforsen kryssar Inlandsbanan elva på ein av dei få gjenverande kombibruene i Sverige som vert trafikkert av både bil og tog i same løp.
Referansar endre
- ↑ SMHI Vattendragsregistret (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006
- ↑ Sveriges huvudavrinningsområden (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2018, henta 19. juni 2012