Kalkmåleri er måleri utført på ein mur som er pussa med kalkmørtel.

Kalkmåleri frå Nørre Herlev kirke, Danmark
Veggmåleri i Pompeii.

Måleriet kan vere påført ein kvitkalka tørr mur, og då er måleriet utført i ein secco-teknikk. Det kan òg vere påført medan murpussen framleis er våt, og blir då kalla freskomåleri. Freskomåleri vart mykje nytta i bygningar i Romarriket, som til dømes funna i Pompeii i Italia syner, og i kyrkjer og andre bygningar i mellomalderen, mellom anna i nordiske steinkyrkjer.

Freskomåleri kan halda seg i hundrevis av år under dei rette tilhøva. Arkeologiske funn syner at dette er ein sers gamal metode for dekorasjon av veggar og murar.

Norske kyrkjer med kalkmåleri endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur

  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.