Dale kyrkje i Sogn
Dale kyrkje står i grenda Dale ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei mura langkyrkje frå kring 1240.[1] Dale sokn er fyrste gong nemnt i brev frå biskop Arne i 1306, medan kyrkja og prestestova er nemnt første gong i 1321. Bygget har skip med rektangulært grunnplan og eit smalare og lågare kor.[2] Mellomalderkyrkja hadde ikkje tårn. Tårnet i form av ein takryttar vart sett på i 1634-34, men tårnet er seinare kraftig ombygd. Våpenhuset vart oppført i 1646-48. Det er gravkammer i ein krypt under golvet og kyrkja tok mest betalt for gravplass under koret, men i 1804 kom det forbod mot gravlegging inne i kyrkja. De står fortsatt omkring 60 kister med balsamerte leivningar i krypten.[2]
Dale kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Bjørn Erik Pedersen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Dale | ||
Fellesråd | Luster | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Kistemur[1] | ||
Innvigd | kring 1240[1] | ||
• Vigd til | St. Nikolaus[1] | ||
Tårn | Bygd 1634-35[1] | ||
Portal | I kleberstein[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja og 100 meter unna | ||
Sitjeplassar | 200[1] | ||
Dale kyrkje i Sogn 61°26′29″N 7°27′18″E / 61.4413°N 7.4549°E | |||
Wikimedia Commons: Dale kirke (Luster) |
Kyrkja utmerkjer seg med eit godt bevart barokkinteriør og ein klebersteinsportal som er mellom dei aller fremste steinarbeida ein har frå mellomalderen i Noreg.[1] Klebersteinen til kyrka vart truleg broten i Kleberseggi på Indre Hafslo, og den høge kvaliteten på steinarbeidet tyder på at det har vore folk frå utlandet som har hogd til portalen og dei andre klebersteinsdelane i kyrkja.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Dale sokn i Sogn prosti.
Sokneprestar
endreNamn og tenestetid.[2]
- Stevelin Adamson Reutz 1677-1687
- Hans Henrikson Urdahl 1687-1728
- Peder Jensson Juel 1730-1745
- Jens J. Borchsenius 1745-1754
- Fredrik N. Cimber 1754-1760
- Gerhard (Gert) Andersson Daae 1761-1784
- Ludolf Krohn 1785-1795
- Anders Gerhardson Daae 1795-1803 (son av tidlegare prest)
- Edvard A. Quale 1803-1828
- Hans N. Bonnevie 1834-1844
- Just O. Moss 1845-1852
- Carl Herman Peterson Hansen 1852-1861
- Adolf Christie Fritzner Daae 1875-1896
- Håkon Hovland 1963-1968
Galleri
endre-
Klebersteinsdetalj
Foto: Nina Aldin Thune
-
Sett frå sørvest
-
Kor og alter
-
Rosemåling inne i Våpenhuset
-
Den massive klebersteinsportalen
-
Prestegarden mellom kyrkja og hovudvegen
Sjå òg
endreKjelder
endre- Anne Marta Hoff: «Dale kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Dale kyrkje i Luster» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Om Dale kyrkje på nettstaden til Luster kommune Arkivert 2007-10-26 ved Wayback Machine.
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Dale kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Dale kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Dale kyrkje i Sogn i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Dale kyrkje i Sogn». Kirkesøk. Den norske kyrkja.