Kallocain. Roman fra år 2000 er ein roman frå 1940 av Karin Boye. Kallocain er namnet på eit sanningsserum som er sentralt for handlinga.[1]

Romanen er inspirert av Franz Kafka sin roman Slottet og forfattaren si oppleving av nazismen og kommunismen etter opphald i Tyskland og Sovjetunionen. Boka tematiserer fridomsrøvinga som etter forfattaren si oppfatning fant stad i datidas nazisme og kommunisme. Samtidig tar romanen opp angst og fridom som psykiske fenomen.[2]

Boye sin roman kan nemnast ved sida av George Orwell sin 1984 (1949), Aldous Huxley sin Vidunderlige nye verden (1932) og Ray Bradbury sin Fahrenheit 451 (1953) som alle er dystopiske romanar om totalitære samfunn med koplingar til den politiske utviklinga like før og etter andre verdskrigen.[3] Kallocain deler også med Vidunderlige nye verden dopbruk/medisinering som verkemiddel til undertrykking.[4]

Kjelder endre

  1. Davidsson, Bengt: "Framtidsromanen Kallocain" på Karin Boye Sällskapet sine nettsider
  2. Hoel, Sigurd: De siste 51 gule (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1959) s. 65
  3. Jónsdóttir, Ása: Karin Boyes dystopiska roman Kallocain (Háskóli Íslands (Universitetet på Island), Reykjavík mai 2009) s. 14
  4. Jónsdóttir, Ása: Karin Boyes dystopiska roman Kallocain (Háskóli Íslands (Universitetet på Island), Reykjavík mai 2009) s. 15