Karin Boye
Karin Maria Boye (26. oktober 1900–april 1941) var ein svensk forfattar. Ho er best kjend som lyrikar, men har også skrive fleire romanar og essay.
Karin Boye | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 26. oktober 1900 Göteborg, Tyska Christinae församling |
Død |
24. april 1941 (40 år) |
Yrke | omsetjar, lyrikar, romanforfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, skribent, kritikar |
Språk | svensk |
Medlem av | Samfundet De Nio |
Far | Fritz Boye |
Ektefelle | Leif Björk |
Partnar | Margot Hanel |
Nettstad | http://www.karinboye.se/index.shtml |
Karin Boye på Commons |
Biografi
endreKarin Maria Boye var fødd i Göteborg[1] den 26. oktober 1900 av foreldre Signe og Carl Fredrik Boye. Familien flytta til Stockholm i 1909, og til forstaden Huddinge sørvest for Stockholm i 1915.
Boye avla «studentexamen» i 1920 og «folkskollärarinneexamen» 1921. Så studerte ho gresk, nordiske språk og litteraturhistorie ved Universitetet i Uppsala. I 1928 tok ho filosofisk embetseksamen ved Stockholms högskola.
I 1927 blei Boye medlem av redaksjonen til det svenske sosialistiske tidsskriftet Clarté.
Ho var ei tid gift med Leif Björk, men ekteskapet blei oppløst i 1933. Etter dette stod Boye relativt ope fram som homofil, og levde saman med den tyske kjærasten sin Margot Hanel resten av livet. På denne tida var homoseksualitet framleis forbode etter svensk lov.
Karin Boye døyde etter å ha tatt ein overdose med sovepiller om kvelden 23. april 1941. Deretter gjekk ho tynnkledd ut og sette seg for å venta på døden.[2] Ho blei funnen neste dag. Halldis Moren Vesaas skreiv diktet «Karin Boye funnen død» etter at dødsfallet blei kjend. Her hetier det mellom anna «...den frosne har frose i hel».
Forfattarskap
endreKarin Boye debuterte i 1922 med diktsamlinga Moln. Seinare følgde samlingane Gömda land, Härdarna, För trädets skull og, etter at ho hadde døydd i 1941, De sju dödssynderna och andra dikter. Innhaldet i dikta hennar er prega av ein indre personlegdomskamp, ei spenning mellom pliktkjensle, drift og skam. Mange dikt inneheld bibelske referanser, og desse og andre vitnar om ei uforsona gudslengsle. I form varierer dikta frå det klassisk enkle til det surrealistiske. Av kjende dikt kan nemnast «Ja, visst gör det ont när knoppar brister» (frå För trädets skull og «I rörelse» (frå Härdarna).
Romanen Kris frå 1934 er rekna av mange for å ha sjølvbiografiske. Romanen Kallocain frå 1940 er ein skrekkvisjon om ein framtidig politistat, og er eit av dei tidlegaste skandinaviske arbeida innanfor dystopi-sjangeren.
Boye omsette også verk av Thomas Mann og T.S. Eliot.
Annet
endreDet er gitt ut mange svenske plater med tonesettingar av dikta til Karin Boye. I 2004 gav den norske jazz-songaren Eldbjørg Raknes ut plata Många röstar talar der ho syng nokre av Boye sine dikt.
Bibliografi
endre- Astarte, 1931
- Merit vaknar, 1933
- Kris, 1934
- För lite, 1936
- Kallocain, 1940
- Moln, 1922
- Gömda land, 1924
- Härdarna, 1927
- För trädets skull, 1935
- De sju dödssynderna och andra dikter, 1941 (gjeven ut posthumt av Hjalmar Gullberg)
- Samlade skrifter I-X, 1948-50, gjeven ut av Margit Abenius
- Bergtagen av Thomas Mann, 1929
- Det öde landet (The Waste Land) av T.S. Eliot – saman med Erik Mesterton, i tidsskriftet Spektrum 1932.
Kjelder
endre- ↑ Bengt A. Öhnander, Statyer berättar – 76 konstverk i Göteborg. Tre böcker: Göteborg 2004, s. 45
- ↑ Abenius, Drabbad av renhet, 1950 s.399ff
- Denne artikkelen bygger på «Karin Boye» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Karin Boyesällskapet
- Alle verk av Karin Boye på Litteraturbanken.se