Kalmykisk
Kalmykisk er eit mongolsk språk som blir snakka av rundt ein halv million menneske i Kalmykia (Russland), det vestlege Kina og det vestlege Mongolia. Det er omtrent 160 000 kalmykisktalande i kvart land.
Kalmykisk Хальмг келн, khalmg keli | ||
Klassifisering | Altaisk Mongolsk Austmongolsk Kalmykisk-oiratisk Kalmykisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland Folkerepublikken Kina Mongolia | |
Område | Kalmykia | |
Kalmykisktalande i alt | 518 500[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | xal | |
ISO 639-3 | xal | |
Wikipedia på kalmykisk |
Kalmykisk tilhøyrer den kalmykisk-oiratiske undergruppa av austmongolske språk, og har nokre fellestrekk med uigurisk og uralske språk. Dette kjem av kalmykisken sitt opphav som fellesspråk for oiratane, eit forbund av fire kalmykiske stammar som trekte til seg ein del ugriske og tyrkiske stammar under utvidinga si vestover.
Den litterære tradisjonen i kalmykisk går attende til 1000-talet, då det uiguriske alfabetet vart brukt. Det offisielle kalmykiske alfabetet, kalla todo-bitsjig ('klarskrift') vart laga på 1500-talet av ein kalmykisk buddhistmunk som heitte Zaja Pandit. I 1924 vart dette alfabetet erstatta av det kyrilliske, som så vart erstatta av det latinske alfabetet i 1930, under den leninistiske språkpolitikken. Det latinske alfabetet vart deretter erstatta med det kyrilliske alfabetet att i 1938.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kalmykisk» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2015.