Kalo Dungar
23°56′03″N 69°48′50″E / 23.93417°N 69.81389°E Kalo Dungar ('Svartås', også skrive Kala Dunger) er det høgaste punktet i Kachch i Gujarat i India, på 462 meter. Toppen ligg 97 km frå administrasjonsstaden Bhuj og 25 km nord for næraste by, Khavda.[1][2][3]
Kalo Dungar | |||
fjell | |||
Utsyn ned frå Kalo Dungar
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Topp | Khavda i Kutch district i Gujarat | ||
Høgd | 462 m | ||
Kalo Dungar 23°56′03″N 69°48′50″E / 23.93416667°N 69.81388889°E | |||
Wikimedia Commons: Kalo Dungar |
Toppen er truleg den einaste staden ein har panoramautsikt over saltmyra Rann av Kachchh. Sidan han ligg nær grensa til Pakistan ligg det ein militærpost på toppen. Allmugen har ikkje tilgang forbi posten.[1]
Kalo Dungar er også kjend for eit rundt 400 år gammalt tempel til Dattatreja. Prestane i tempelet lager offermat (prasad) av ris som dei gjev til dei lokale sjakalane etter aarti-seremonien. Ei soge knytt til tempelet fortel at då Dattatreja var på jorda kom han til Kalo Dungar og fann ei gruppe sveltande sjakalar. Som gud kunne han gje dei kroppen sin å eta, og etter at han var blitt eten bli heil att.[1][2][3] Ei anna soge fortel at ein heilag mann, Lakkh Guru, budde her og tilbad Dattatreja. Han pleide å mata sjakalane. Ein dag då han ikkje hadde mat å gje dei skar han ein del av sin eigen kropp og gav dei til å eta. I ein annan versjon skal ein konge ha tilbydd same offer då Dattatreja i sjakalform spurte kvifor han gav sjakalar vegetarisk mat som offer når dei var kjøtetarar.[2] Også tilreisande menneske blir gjevne gratis måltid ved tempelet.[4]
Galleri
endre-
Høgaste punktet på Kalo Dungar med utsyn over Rann av Kachchh.
-
Utsyn frå Kalo Dungar
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 The Black Hills (Kalo Dungar), arkivert frå originalen 22. april 2017, henta 22. april 2017
- ↑ 2,0 2,1 2,2 The Jackals and Legend of Kalo Dungar
- ↑ 3,0 3,1 Anjali H. Desai, red. (2007), India Guide Gujarat, India Guide Publications
- ↑ Jitaditya Narzary (2014/02/19), Kalo Dungar: Black or Blue?, arkivert frå originalen 22. april 2017, henta 22. april 2017
- Denne artikkelen bygger på «Kalo Dungar» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2017.