Kalvariegruppe
Kalvariegruppe (av latin calvaria, som tyder 'hovudskalle') er ei nemning på ei gruppe figurar som syner den krossfesta Kristus mellom dei to andre som vart krossfesta i lag med han på Golgata i påska. Ei kalvarigruppe kan vere laga til bruk innomhus i til dømes ei kyrkje, eller plassert ute som ei gruppe frie skulpturar.

Kalvariegruppe i Slovakia.

Kalvariegruppe i tre frå Urnes stavkyrkje. Atttmed krusifikset står figurar av Maria og Johannes.
I norsk vert nemninga «kalvariegruppe» òg nytta om eit krusifiks som er supplert med skulpturar av dei som stod attmed Kristi kross.