Kamëz
Utsyn over Kamëz frå fjelletDajti
Utsyn over Kamëz frå fjelletDajti
Byvåpenet til Kamëz
Byvåpenet til Kamëz
Styresmakter
Land
Region
Albania
Tirana
Geografi
Flatevidd
 - By

104 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

104 190
Koordinatar 41°23′0″N 19°46′0″EKoordinatar: 41°23′0″N 19°46′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Kamëz kommune innafor regionen Tirana
Kamëz kommune innafor regionen Tirana

Kamëz er ein by og ein kommune i regionen Tirana i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet like nord for hovudstaden Tirana og grensar til regionen Durrës i nord.

Kart over kommunen Kamëz

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kamëz vart slått saman med landkommunen Paskuqan.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kamëz.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 66 841 innbyggjarar, medan dei to kommunane som i dag utgjer storkommunen Kamëz, til saman hadde 104 190 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tirana.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Kamëz og busetnadene:[2]

  • Bathore
  • Laknas
  • Valias
  • Frutikulturë
  • Bulçesh
  • Zall-Mner

ReferansarEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.