Kamilleblom
Kamilleblom eller berre kamille er ein art i kamilleblomslekta. Dette er ein eittårig plante som blir 15-60 cm høg. Han er kjenneteikna av ei god lukt som kan minna om eple.[1]
Kamilleblom | |
Kamilleblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Slekt: | Kamilleblomslekta Matricaria |
Art: | Kamilleblom M. chamomilla |
Vitskapleg namn | |
Matricaria chamomilla |
Ein har brukt kamille til urtemedisin mot ei rekkje plager, særleg knytt til fordøyingssystemet og livmora men også mot ulike smerter, sår, kløe, depresjon og søvnproblem.[1]
Kamille er nasjonalblomen til Russland.[2]
Namn
endreOrdet «kamille» kjem via latin chamomilla frå gresk khamaimelon, 'jordeple'. Namnet viser til lukta.[3] Det latinske ordet matrix kan tyda 'livmor', og slektsnamnet Matricaria viser til at planten historisk blei brukt mot ulike gynekologiske plager og i samband med fødsel.[4]
Andre norske namn på planten er tysk kamille, kannelblom, kvitblom og moderurt.[1]
Skildring
endreSjølve blomen har gule skivekroner og kvite randkroner.[4]
Alle artane i kamilleblomslekta har blomekorgar som liknar mykje på dei i krysantemumslekta. Artane i kamilleblomslekta skil seg ut gjennom findelte blad med nesten trådsmale flikar. Blomefestet til kamilleblomeslekta er meir opphøgt og kjegleforma , og hjå kamilleblom er det også holt. Tungekronene vil etter kvart bøya seg nedover.[5]
Utbreiing
endrePlanten voks opphavleg vilt i Eurasia og Nordvest-Afrika. Han finst no også naturalisert i USA og Australia.[6] Ein dyrkar kamille kommersielt i land som Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Tyskland, Tyrkia, Spania, Egypt og Argentina.[1] I nokre land veks han som ugras i åkrar.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «KAMILLE - Chamomilla recutita», Urtekildens planteleksikon, henta 19. juli 2021
- ↑ «Russia’s National Flower: Chamomile», Russian Flora Blog (på engelsk), 17. mars 2019, henta 20. juli 2021
- ↑ «Camomile (n.)». Online Etymology Dictionary. Henta 25. november 2017.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «kamilleblom». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 4. oktober 2020.
- ↑ «KAMILLE - Chamomilla recutita», www.rolv.no, henta 19. juli 2021
- ↑ «National list of naturalised invasive and potentially invasive garden plants» (PDF). invasives.org.au. 5. april 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Kamilleblom» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Kamille – en av våre mest velgjørende urter. Artikkel av Rolv Hjelmstad ved rolv.no.