Kamjanske-reservoaret
Kamjanske-reservoaret (ukrainsk Кам'янське водосховище, Kamjans'ke vodoskhovysjtsje) er eit reservoar i nedre del av Dnepr i Ukraina. Han er kalla opp etter byen Kamjanske og dekkjer 567 kvadratkilometer i Dnipropetrovsk oblast. Det vart danna i 1963-1965. Reservoaret vert hovudsakleg nytta til vassenergi, transport og fiske.
Kamjanskereservoaret | |||
innsjø | |||
Landsat-bilete
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Poltava oblast, Kirovohrad oblast, Dnipropetrovsk oblast | ||
Tilsig | Dnepr | ||
Utløp | Dnepr | ||
Stad | Dniprodzerzjynsk (i sør) | ||
• høgd | 104 moh. | ||
- koordinatar | 48°48′N 34°6′E / 48.800°N 34.100°E | ||
Lengd | 114 km | ||
Areal | 567 km² | ||
Volum | 2,45 km³ | ||
Dniprodzerzjynsk-reservoaret 48°47′46″N 34°06′45″E / 48.796111111111°N 34.1125°E | |||
Wikimedia Commons: Kamianske Reservoir |
Reservoaret er 114 km langt, 5 km breitt (maks 8 km) og er 15 meter djupt. Det inneheld 2,45 km³ vatn. Om vinteren frys reservoaret til.
Byane Krementsjuk og Dnepr mineralanrikingskompleks i Horisjni Plavni ligg ved reservoaret. Dniprodzerzjynsk vasskraftverk vart bygd i 1956–1965 ved reservoaret.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kamianske Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.