Kamo (eller Kamō) er ein busetnad nord for Whangarei, om lag sju km frå Whangarai bysentrum.

HistorikkEndra

Kolgruvedrift var ein tidleg næringsveg i området, og starta i 1876. Ein av dei første jarnvegane i regionen NorthlandNew Zealand vart bygd her i 1880 for å få fram kolet frå gruvene til Whangarei for eksport. Jarnvegen eksisterer enno som ein del av jarnvegslinja North Auckland Line.

NotidEndra

Kamo, som har eit folketal på knappe 7 000 menneske[1], er kjend for å ha det nordlegaste trafikklyset på New Zealand. Byen har to grunnskular, ein vidaregåande skule og to høgskular, der Kamo High School er den største med over 1 300 studentar.[2]

ReferansarEndra

  1. http://www.stats.govt.nz/census/2006-census-data/final-counts/northland-region.htm Statistics New Zealand
  2. TKI School Information: Kamo High School Vitja 13. februar 2008.

Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand

Koordinatar: 35°41′S 174°19′E

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.