Regionar på New Zealand

Ein region er det øvste nivået av lokalstyrte område på New Zealand. Landet har 16 regionar. Tolv av desse er styrte av eit valt regionstyre (regional council), medan fire er styrte av territorialstyre (territorial authorities) (det nest høgaste nivået av lokalstyre) som også utøver funksjonane til eit regionstyre, og som derfor på New Zealand vert kalla unitary authority (eller einskapleg forvalting), og desse områda er dermed territoriale regionar. Det styrande organet på øygruppa Chatham Islands (Chatham Islands Council) er sett på av mange som ei einskapleg forvalting, men øyene er formelt rekna som ein del av regionen Canterbury. Regiongrensene følgjer for ein stor del distriktsgrensene, men det er fleire unntak: Den sørlege grensa til regionen Auckland går til dømes midt gjennom Franklin District.

Lovgrunnlag

endre

Eit regionstyre er eit av dei regionale råda som er nemnde i Lov om lokalstyre av 2002 (Local Government Act 2002).[1] Lova reknar opp dei ulike regionstyra på New Zealand og kunngjeringane deira i The New Zealand Gazette då dei vart oppretta i 1989.[2] Lokalstyrelova pålegg regionstyra å fremja ei berekraftig utvikling - sosialt, økonomisk, miljømessig og kulturelt, innanfor deira område.[3]

Ansvarsdeling

endre
  • Regionstyresmaktene har det fremste ansvaret for:
  • Territoriale styresmakter har ansvar for:

Det er ofte ei høg grad av samarbeid mellom regionale og territoriale styresmakter ettersom dei kan ha samanfallande roller.

Finansiering

endre

Eigedomsskattar vert brukte til til å finansiera både regionale og territoriale offentlege oppgåver.

Andre funksjonar

endre

Regionstyra har òg ansvar for ei rekkje andre funksjonar i medhald av lover og vedtekter.[4]

  • Regional skadedyrkontroll etter Lov om biotryggleik av 1993 (Biosecurity Act 1993).[5]
  • Flaum og vassdragskontroll i medhald av Lov om kontroll med jordvern og vassdrag av 1941 ( Soil Conservation and Rivers Control Act 1941).[6]
  • Sivilforsvar i medhald av Sivilforsvarslova av 1990 (Civil Defence Emergency Management Act 1990)[7].
  • Handsaming av farleg avfall i medhald av Lov om fårlege substansar og nye organismar av 1996 (Hazardous Substances and New Organisms Act 1996 (HSNO)).[8]
  • Hamnevesen og sjøtransport i Lov om sjøtransport av 1994 (Maritime Transport Act 1994).[9].
  • Planlegging av offentleg transport etter Transportlova av 1998 (Land Transport Act 1998).[10]
  • Tilsyn og administrasjon av reservat ligg hjå regionstyra i medhald av Lov om reservat av 1977 (Reserves Act 1977).[11]

Regionstyra har også ansvaret for tilsyn med tryggleiken til demningar i medhald av Bygningslova av 2004 (Building Act 2004).[12]

Oversikt over regionane

endre
 NorthlandAucklandAucklandAucklandWaikatoBay of PlentyGisborneHawke's BayTaranakiManawatu-WanganuiWellingtonTasmanTasmanNelsonMarlboroughMarlboroughWest CoastWest CoastCanterburyOtagoSouthlandSouthland
Regionar på New Zealand
Region Administrasjonssete Flatevidd (km²) Folketal(2)
1 Northland Whangarei 13 941 154 700
2 Auckland Auckland 16 140 1 414 800
3 Waikato Hamilton 25 598 402 200
4 Bay of Plenty Whakatane 12 447 269 900
5 Gisborne (1) Gisborne 8 351 46 000
6 Hawke's Bay Napier 14 164 152 700
7 Taranaki New Plymouth 7 273 107 500
8 Manawatu-Wanganui Palmerston North 22 215 229 200
9 Wellington Wellington 8 124 473 700
10 Tasman (1) Richmond 9 786 46 500
11 Nelson (1) Nelson 445 44 700
12 Marlborough (1) Blenheim 12 484 44 500
13 West Coast Greymouth 23 000 32 300
14 Canterbury Christchurch 45 845 552 800
15 Otago Dunedin 31 476 203 500
16 Southland Invercargill 30 753 93 000

(1) Desse områda er Sameinte styresmakter.
(2) Subnational Population Estimates: At 30 June 2008 Arkivert 2009-04-19 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand.

Landområde utanfor regionane

endre

Utanfor kysten til New Zealand ligg ei rekkje øyer som ikkje ligg innanfor grensene til nokon bestemt region. Øyene Chatham Islands er ingen region, sjølv om det valde styret der har noko av myndet til eit regionstyre etter Lov om utnytting av miljø- og naturressursar av 1991 (Resource Management Act 1991)[13]. Øygruppene Kermadec Islands og dei subantarktiske øyene som New Zealand krev herredøme over, er tilhaldsstad for nokre få tilsette frå Miljødepartementet. Miljøvernministeren har fått fullmakt til å opptre som eit regionstyre for desse øyene.

Val av region- og territorialstyre

endre

Regionstyra vert valde med tre års mellomrom, enten ved fleirtalsval (partival) eller personval der den røysteføre kan rangera kandidatar frå ulike partilister.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Referansar

endre
  1. Local Government Act 2002 Interpretation[daud lenkje], lese 2. desember 2007.
  2. Part 1, Schedule 2, LGA 2002 Arkivert 2007-12-25 ved Wayback Machine., lese 2. desember 2007.
  3. Relationship between the Local Government Act and the RMA Arkivert 2006-03-25 ved Wayback Machine. Quality Planning The RMA Resource, lese 2. desember 2007.
  4. Harris, R. (2004) Local government and development legislation, Chapter 3G, Handbook of Environmental Law, Editor Harris, R., ISBN 0-9597851-8-3, Royal Forest and Bird Protection Society of New Zealand, Wellington 2004, page 130.
  5. http://www.legislation.govt.nz/libraries/contents/om_isapi.dll?clientID=1323675097&infobase=pal_statutes.nfo&jump=a1993-095&softpage=DOC&wordsaroundhits=6[daud lenkje] Lese 8. desember 2007
  6. http://www.mfe.govt.nz/laws/soil.html Arkivert 2007-11-25 ved Wayback Machine. Lese 8. desember 2007
  7. http://www.legislation.govt.nz/browse_vw.asp?content-set=pal_statutes Arkivert 2003-10-02 ved Wayback Machine. Lese 8. desember 2007
  8. http://www.mfe.govt.nz/laws/hsno.html Arkivert 2008-01-05 ved Wayback Machine. Lese 6. desember 2007
  9. http://www.maritimelaw.orcon.net.nz/martrans.html Arkivert 2007-12-31 ved Wayback Machine. Lese 8. desember 2007
  10. http://www.legislation.govt.nz/libraries/contents/om_isapi.dll?clientID=1844609798&infobase=pal_statutes.nfo&jump=a1998-110&softpage=DOC[daud lenkje] Lese 8. desember 2007
  11. http://www.doc.govt.nz/templates/page.aspx?id=41983 Lese 8. desember 2007
  12. Sections 135, 142, 150, and 154 Building Act 2004, Parliament of New Zealand.
  13. http://www.mfe.govt.nz/rma/index.php Arkivert 2007-11-27 ved Wayback Machine. Lese 6. desember 2007

Kjelder

endre

Engelsk Wikipedia om regionar på New Zealand den 9. desember 2007.