Kamtsjatka (russisk Камчатка) er den største elvaKamtsjatkahalvøya i Russland. Ho munnar ut i Kamtsjaktbukta i Beringhavet. Elva er 758 km lang og har eit nedslagsfelt på 55 900 km².

Kamtsjatka
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 55 900 km²
Lengd 758 km
Middelvassføring 95,7 /s
Munning Beringhavet
Kart
Kamtsjatkaelva
56°14′00″N 162°30′00″E / 56.233333333333°N 162.5°E / 56.233333333333; 162.5
Wikimedia Commons: Kamchatka River

Elva har mange sideelvar og dei største av desse er Kensol, Andrianovka, Zjupanka, Kozyrevka frå venstre, og Kitilgina og Urts frå høgre.

Kamtsjatka spring ut frå dei sentrale fjellområda på halvøy og renn ut frå ein den vesle Kamtsjatkasjøen. Bilvegen mellom Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Ust-Kamtsjatskij, som ligg ved munningen, følgjer elva.

Elva er rik på fisk, og fleire typar laksefisk gyt i elva. Ho er òg ei populær elv for vassport.

Kjelder endre