Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Petropavlovsk-Kamtsjatskij (russisk Петропа́вловск-Камча́тский) er den største byen og det administrative, industrielle, vitskaplege og kulturelle senteret i Kamtsjatka kraj i Russland. Han hadde om lag 195 000 innbyggjarar i 2007. Etniske russarar og ukrainarar utgjer størstedelen av folkesetnaden. Sjølve byen har fleire innbyggjarar enn naboregionane Magadan oblast og Tsjukotka autonome okrug. I tillegg er han den austlegaste byen i Eurasia.
Petropavlovsk-Kamtsjatskij Петропавловск-Камчатский | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kamtsjatka kraj | ||||
Grunnlagd | 1740 | ||||
Borgarmeister | Vladislav Skvorzov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
400 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
195 100 487,8 /km² | ||||
Koordinatar | 53°01′0″N 158°39′0″E / 53.01667°N 158.65000°E | ||||
Høgd over havet | 150 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
PETT (UTC+12) PETST (UTC+12) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 683000–683063 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)4152 | ||||
Nettstad: petropavlovsk.kamchatka.ru/ |
Byen ligg på nokre høge åsar omgjeve av vulkanar. På andre sida av Avatsjabukta ligg den største russiske ubåtbasen, Rybatsjij atomubåtbase, som vart oppretta under Sovjetunionen og som framleis er i bruk av den russiske marinen.[1]
Historie
endrePetropavlovsk vart grunnlagd av den russiske utforskaren Vitus Bering. Bering kom til Avatsjabukta i 1740 og la ned grunnsteinen til hamnebyen. Han gav den nye staden namnet «Petropavlovsk» (Peter og Paulus) etter dei to skipa hans, St. Peter og St. Paulus, som vart bygd i Okhotsk for den andre ekspedisjonen hans.
Under krimkrigen i 1854–1855 klarte festningane i byen seg under ei omleiring av engelsk-franske styrkar og fall aldri.
Petropavlovsk var ei stor kjelde til fisk, og særskild laks, og krabbe for Sovjetunionen på 1900-talet, men etter sovjetida har fiskerettane vorte gjevne til utlendingar.
Klima
endreKlimaet er maritimt (Köppen Dfc) og nedbørmengdene er estimert til 860 mm i året, eller om lag tre gonger så mykje som det som er normalt i Sibir. Det meste av nedbøren kjem som snø. Temperaturane om vinteren er høgare enn i Sibir med ein normal i januar på 7,3 °C, medan temperaturmaksima om sommaren er rundt 20 °C.
Turisme
endreByen har utvikla ein turistinfrastruktur. Om lag tjue store turistselskap tilbyr tenester frå bjørnejakt til paragliding. Det går ikkje veg til Kamtsjakahalvøya frå resten av verda, og Petropavlovsk-Kamtsjatskij er den nest største byen i verda som ein ikkje kan nå via veg etter Iquitos i Peru. Ei reise til Petropavlovsk-Kamtsjatskij er dyr, men vert stadig meir populær på grunn av dei flotte naturtilhøva på halvøya. Byen er tent av Petropavlovsk-Kamtsjatskij lufthamn.
Bakgrunnsstoff
endre- Samfunn på Kamtsjatka Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine. (russisk)
- Bilete frå Kamtsjatka Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine. (russisk)
Galleri
endre-
Petropavlovsk og Korjakskijvulkanen, sett frå Avatsjabukta
-
Utsyn til Korjakskaja, oktober 2005
-
Vulkanen Avatsjinskij frå byen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Petropavlovsk-Kamchatsky» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: