Kan nokon gripe inn

Kan nokon gripe inn er eit skodespel skrive og regissert av Lasse Kolsrud.[1] Det hadde premiere i januar 2017 på Det Norske Teatret, og vart seinare spela rundt om i landet i samarbeid med Riksteatret. Skodespelet er basert på tekstene til musikaren Stein Torleif Bjella, og tittelen kjem frå låta Separate sinn frå plata Heim For å Døy frå 2013.

Heile handlinga går føre seg på ein jarnbanestasjon der vi møter ulike figurar frå universet hans Bjella. All musikken er skriven av Bjella og kjem frå dei fire fyrste albuma hans. I utgangspunktet skulle ikkje Bjella sjølv spela i stykket, sett bort ifrå opptak av «stasjonsmeisteren» fyrst og sist i stykket.[2] Nokre gongar steppa han likevel inn ved sjukdom hjå dei faste skodespelarane.[3]

KjelderEndra

  1. «Kan nokon gripe inn», Det Norske Teatret, henta 25. april 2020 
  2. Pedersen, Bernt Erik. (13. januar 2017). Stemmen på stasjonen. I Dagsavisen, side 22–23. Henta frå Nasjonalbiblioteket den 25. april 2020.
  3. Thjømøe, Silje Løvstad. (11. november 2017). Står selv på scenen når teaterforestillingen som er basert på hans tekster spilles i Tromsø. I iTromsø, side 28–29. Henta frå Nasjonalbiblioteket den 25. april 2020.