Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella (fødd 7. april 1968)er ein norsk låtskrivar, diktar og musikar (vokal og gitar) frå Ål kommune i Hallingdal. Han er busett i Øvre Ål.
Stein Torleif Bjella | |
![]() Stein Torleif Bjella på scena i 2018 Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 7. april 1968 (52 år) Ål |
Yrke | songar, låtskrivar, musikar |
Bjella debuterte som soloartist i 2009 med vise/country-albumet Heidersmenn på Oh Yeah!. Albumet vart produsert av Kjartan Kristiansen, og under innspelinga bidrog musikarar som Geir Sundstøl og Lars Håvard Haugen. For albumet vart han nominert til Spellemannprisen 2009 i klassene viser og tekstforfattar.
Bjella er i tillegg vokalist, gitarist og låtskrivar i poprock-bandet Tolv Volt (1996-) som har gitt ut albuma Auraspray (1999) og Kalas (2003). I februar 2011 kom han ut med albumet Vonde visu, som han vann Spellemannprisen 2011 for i kategorien viser.
Musikken hans var bakgrunn og inspirasjon for teaterstykket Kan nokon gripe inn som hadde premiere hjå Det Norske Teatret i januar 2017.[1] Stykket vart òg spela rundt om i landet i samarbeid med Riksteatret.
DiskografiEndra
- Heidersmenn (2009)[2]
- Vonde Visu (2011)[2]
- Heim For å Døy (2013)[2]
- Gode Liv (2016)[2]
- Jordsjukantologien (2018)
- Øvre-Ål Toneakademi (2020)
BøkerEndra
- Jordsjukantologien nr. 1 (2017) – diktsamling
KjelderEndra
- ↑ Hauge, Caroline Bækkelund (15. januar 2017), «Kan nokon gripe inn», NRK, henta 25. april 2020
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Diskografi steintorleifbjella.no