Kanaanittiske språk
Kanaanittiske språk er ei undergruppe av semittiske språk. Dei blei snakka av folk i Kanaan-regionen, som kanaanearar, hebrearar, fønikarar og filistarar. Alle dei kanaanittiiske språka forsvann som førstespråk i løpet av det første hundreåret, men hebraisk levde vidare som litterært og religiøst språk blant jødar. Det blei gjenoppliva som talespråk på 1800-talet av Eliezer Ben-Yehuda.
Kanaanittiske språk | ||
Klassifisering: | afroasiatisk
| |
Vidare inndeling: | ||
Område: | Levanten (Midtausten) | |
Skriftsystem: | Først kileskrift, seinare kanaanittisk skrift |
Språkgruppa omfattar:
- fønikisk – utdøydd
- punisk – utdøydd
- ammonittisk – utdøydd
- moabittisk – utdøydd
- edomittisk – utdøydd
- hebraisk (mange variantar, også nolevande)
Bakgrunnsstoff
endre- Some West Semitic Inscriptions
- How the Alphabet Was Born from Hieroglyphs Arkivert 2010-04-29 ved Wayback Machine. Biblical Archaeology Review
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kanaanittiske språk» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Canaanite languages» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Semitic Languages. Routledge Language Family Descriptions. Edited by Robert Hetzron. New York: Routledge, 1997.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: