For andre tydingar av oppslagsordet, sjå møbelet kanape.

Kanapé eller kanape er ein type festmat av små, munnfullstore smørbrød eller liknande som kan serverast som fingermat.[1][2]

Frå presseselskapet til I Love Lucy i 1955. Frå venstre Vivian Vance, Jess Oppenheimer, Lucille Ball og Desi Arnaz med kanapear.

Namnet kanape kjem frå møbelet kanape, ein slags sofa. Det skal koma av at smørbrødet med alt pålegget oppå minner om ein person som sit på ein slik sofa. Ordet kanape er fransk, og retten oppstod innan fransk mattradisjon,[3] men den eldste kjende bruken av det som heilt sikkert viser til matretten kjem frå engelsk rundt 1750.[4] Ordet kan også visa til sjølve brødstykket som ein lager retten med,[3] eller i vidare tyding om liknande delikate fingerrettar, også utan brød.[4]

Kanapear blir ofte servert i ståande selskap[1] eller som forrett før ein et eit større måltid.[2]

Brødet ein bruker til kanapear kan vera tilskorne brødskiver utan skorpe. Ein kan også bruka kjeks eller butterdeig som grunnlag. Brødet kan formast med ein kniv eller ein utstikkar i ulike fasongar, som rektangel, trekant, runding, stripe eller ring. Dei blir så ofte rista eller steikt.

Som pålegg kan ein bruka ulike mjuke produkt som postei, smaksett smør eller smøreost, ein hovudingrediens som ein kjøtbit eller sjømat, og garnityr som urter, bær eller finhakka grønsaker.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kanapé». Store norske leksikon. 1. juli 2016. 
  2. 2,0 2,1 «kanape» i Nynorskordboka.
  3. 3,0 3,1 Olver, Lynne. «The Food Timeline». Henta 23. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 «canapé, n.». OED Online. Oxford University Press. januar 2018.