Butterdeig (frå tysk for ‘smørdeig’) er ein laminert deig laga med smør eller i nyare tid også margarin og liknande. Deigen blir også kalla smørdeig, men er eigentleg berre ein type smørdeig.[1]

Tillaging av butterdeig der ei smørplate blir pakka inn i deigen før kjevling.

Ein lagar butterdeig ved å kjevla ut lag av deig med smør mellom. Ein brettar deigen og kjevlar han ut på ny fleire gonger, til ein får ei rekkje slike lag.[1] Til sist kan ein oppnå 150-200 lag.[2]

Mellom kvar omgang er det vanleg å kjøla ned deigen, så ikkje smøret smeltar. Resultatet er at deigen blir flakete og sprø når ein steiker han.[1]

Butterdeig blir brukt til mange typar bakverk, som croissant,[3] millefeuille eller napoleonskake[4] og mange fylte paiar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «butterdeig». Store norske leksikon (på norsk). 13. august 2019. 
  2. «Butterdeig med smør», Krem.no (på norsk bokmål), 30. juni 2015, henta 19. september 2019 
  3. NRK (4. august 2019), «Croissanter», NRK (på norsk bokmål), henta 19. september 2019 
  4. ERIKSEN, EYVIND HELLSTRÖM Foto: SUNE (19. februar 2015), «Hellstrøms franske klassikere: Tusenbladsterte», www.dn.no (på norsk), henta 19. september 2019