Kandalaksjabukta
bukt i nordvest i Russland
Kandalaksjabukta (russisk Кандалакшский залив - Kandalaksjkij zaliv) er ei bukt i Republikken Karelen og Murmansk Oblast nordvest i Russland. Ho dannar det nordvestlege hjørnet av Kvitsjøen og er ein av fire store bukter i dette havområdet. Dei tre andre er Onegabukta i sørvest, Dvinabukta i sør og Mezenbukta i søraust.
Kolahalvøya ligg nord for Kandalaksjabukta.
Byen Kandalaksja ligg på nordsida av bukta, medan den nye oljehamna Vitino ligg 10 km lenger sør.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kandalaksha Gulf» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.