Kanoriket
Kanoriket var eit kongedøme som eksisterte frå rundt år 1000 til staten Nigeria blei til. Det har fått namn etter byen Kano, som i dag er administrasjonssenter i den nigerianske staten Kano.
I følgje Kanokrøniken var den trettisjuande sarkin kano eller kongen av Kano Mohammed Sharef (1703–1731). Kumbari dan Sharefa (1731–1743) etterfølgde han og førte langvarig krig mot naboriket Sokoto.