Kanslar (norrønt kanceler, frå mellomalderlatin cancellarius) er ei stilling som kan visa til leiaren for eit kanselli, ein minister eller ein høgståande embetsmann.[1] Opphavleg viste tittelen til ei underordna stilling innan administrasjonen til det seinare Romarriket. Seinare i mellomalderen blei det brukt om geistlege som verka i kongeleg teneste som stod for offentlege skriv og kontrollerte rikssegl.[2]

I moderne tysk samanheng er kanslaren regjeringssjef (Reichskanzler, Bundeskanzler).

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «kanslar» i Nynorskordboka.
  2. Mardal, Magnus A.; Arntzen, Jon Gunnar (20. juni 2018). «kansler». Store norske leksikon (på norsk).