Rikskanslar i Storbritannia (engelskLord High Chancellor, tidlegare Lord Chancellor eller berre Chancellor), før 1707 rikskanslar i England, er eitt av dei høgaste embeta i regjeringa i Storbritannia. Rikskanslaren er ein høgare statsoffiser, og vert utnemnd av monarken etter råd frå statsministaren. Det skal normalt utnemnast ein adeleg person, men det er ikkje noko lovmessig hinder for at andre vert utnemnde. Jack Straw, som ikkje hadde nokon adelstittel, vart rikskanslar i 2007.
Mellom pliktene til rikskanslaren i Storbritannia finn ein mellom anna presidentskapet i Overhuset, deltaking i regjeringskollegiet, leiing av det juridiske apparatet og oppbevaring av det britiske riksseglet. Ansvarsområdet er blitt innskrenka på 2000-talet.
Embetet har opphavet sitt i det karolingiskemonarkiet, der ein kanslar fungerte som vaktar av kongen sitt segl. I England blei dette innført seinast ved normannarane si erobring i 1066, og kanskje tidlegare. Nokre kjelder hevdar at den første rikskanslaren i England var Angmendus, utnemnd i 605, det vil sjå lenge før England oppstod som ei samla statsdanning, noko som gjer det til ei tvilsam opplysing. Andre kjelder hevdar at den første som utnemnde ein rikskanslar var Edvard Bekjenneren, som døydde i 1066; dette plasserer opprettinga i åra rett før normannarane sin invasjon. Det blei vanleg gjennom mellomalderen at embetet blei gjeve til ein biskop. Fleire av erkebiskopane av Canterbury var òg rikskanslarar.
I staden for ein rikskanslar kan det utnemnast ein «seglvaktar», Lord Keeper of the Great Seal. Ein som held dette embetet har same ansvar og mynde som rikskanslaren har; den einaste skilnaden ligg i korleis ein vert utnemnd. I tillegg er det mogeleg å la ein komité i fellesskap utføre rikskanslaren sine oppgåver. Sidan 1800-talet har ein ikkje brukt desse alternativa.
Tony Blair føreslo i 2003 å avskaffe embetet, fordi det inneber svært stor makt på sida av det folkevalde styret. Eit forslag om dette blei lagt fram av Blair-regjeringa i Underhuset i 2004, vart seinare endra til ei innskrenking av embetsansvaret.
Lista er delt i to: Rikskanslarar i England fram til 1707, då England og Skottland gjekk i union, og i Storbritannia etter dette. Skottland hadde fram til 1708 eigen rikskanslar.
Rikskanslarar og seglvaktarar i England, 1068–1707