Kantalupp eller kantaluppmelon er ein type melon.

Heil og oppskoren kantalupp.

Frukta er lita og kulerund med lyst grått til gulgrønt skal som er stripete og har eit nettmønster. Fruktkjøtet er mjukt og lyst oransje.

Namnet «kantalupp» kjem via fransk frå italiensk cantalupo etter slottet Cantalupo i Ancona, der dei første blei dyrka.

Kjelder endre

  • «Kantalupp» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.
  • «Melon» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kantalupp