Melon
Melon (frå gresk melopepon, 'epleliknande graskar') kan visa til den søte frukta til ein plante i graskarfamilien, eller til sjølve planten. Det er hovudsakleg ulike varietetar frå arten Cucumis melo som blir kalla melon eller sukkermelon, medan frukt frå Citrullus vulgaris blir kalla vassmelon. Melonar er runde, nokså store frukter med gult eller grønt skal som kan ha ulike mønster. Fruktkjøtet er mildt og saftig og kan vera gult, grønt eller raudleg.
Melon | |
Melon | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Cucurbitales |
Familie: | Graskarfamilien Cucurbitaceae |
Stamme: | Benincaseae |
Slekt: | Cucumis |
Art: | Melon C. melo |
Vitskapleg namn | |
Cucumis melo |
Melon er ein gammal kulturplante som stammar frå India. I kaldare klima kan han dyrkast i veksthus.
Typar
endre- Honningmelon er rund eller oval med knallgult, glatt skal med langsgåande furer. Fruktkjøtet er grønaktig til kremfarga.
- Piel de Sapo, eller «froskeskinnsmelon», er ein oval type honningmelon med knudrete, mørkt skal i grønt og svart.
- Orange Flesh er heilt rund med glatt, guloransje skal. Fruktkjøtet er lyst oransje.
- Galiamelon er liten og rund med gulgrønt til oransje skal med antydning til nettmønster. Fruktkjøtet er fast og lyst grønt. Namnet «galiamelon» kjem frå den israelske kibbutzen der sorten blei dyrka fram.
- Charentaismelon er rund med glatt, lyst grønt skal med langsgåande striper. Fruktkjøttet er mjukt og lyst oransje.
- Kantalupp(melon) er liten og kulerund med lyst grått til gulgrønt skal som er stripa og nettmønstra. Fruktkjøtet er mjukt og lyst oransje. Namnet «kantalupp» kjem via fransk cantaloupe frå italiensk cantalupo etter slottet Cantalupo i Ancona, der dei første av desse melonane blei dyrka.
- Nettmelon er stor og rund med eit nettverk av opphøgde lister på det lyst gule til brune skalet. Fruktkjøtet er gult og saftig.
- Ogenmelon er ei kryssing mellom kantalupp og nettmelon med gulgrønt skal og langsgåande, mørkare striper. Fruktkjøtet er lyst grønt, smaker ananasaktig og har liten frøkjerne.
Biletdøme
endre-
Honningmelon
-
Piel de Sapo
-
Galiamelon
-
Charentaismelon
-
Kantalupp
Kjelder
endre- «melon» i Nynorskordboka.
- «melon» i Store Norske Leksikon
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melon
- (no) Melon hos Artsdatabanken
- (en) Melon i Encyclopedia of Life
- (en) Melon i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Melon hos Dyntaxa
- (en) Melon hos ITIS
- (en) Melon hos NCBI
- (en) Melon hos The International Plant Names Index
- (en) Melon hos Tropicos
- (en) Kategori:Cucumis melo – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cucumis melo – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cucumis melo – detaljert informasjon på Wikispecies