Kaplanturbin
Kaplanturbin er ein fullturbin med vertikal aksel som blir brukt ved låge fallhøgder (6 til 60 m). Vanlegvis har kaplanturbinar fire til åtte variable løpehjulsskovlar. Han verkar best med store vassmengder og lita fallhøgde, og er derfor mest brukt i elveenergi. Turbinen blei først laga av austerrikaren Viktor Kaplan i 1912 og ferdigstilt i 1922.