Fullturbin (òg kalla reaksjonsturbin) er ein type vassturbin som er kjenneteikna av at heile vassvegen er fylt med vatn. Fleire turbintypar kan vera aktuelle, og valet av turbin i eit vasskraftverk vert avgjort mellom anna av fallhøgd og vassmengde;

  • Francisturbinen vert ofte nytta ved låge og middels fallhøgder, dvs. frå 30–50 til 600–650 meter. Francisturbinen har skovlar på same måte som Peltonturbinen, men i Francisturbinen går alt vatnet samla inn på skovlane og ikkje via strålerøyr.
  • Kaplanturbinen vert ofte nytta ved fallhøgder opp til 30 meter, og ved store vassmengder som i elvekraftverk. Kaplanturbinen har ikkje skovlar, men ein «propell» som vert driven rundt av vassføringa.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.