Karaburunhalvøya
Karaburunhalvøya er ei halvøy heilt vest i Tyrkia, og ei av dei største i landet. halvøya har same namn som den største byen på halvøya, Karaburun, som ligg heilt ytst på halvøya. Ho ligg vest for byen İzmir, innanfor provinsen İzmir og er omgjeve av Egearhavet. Utanom sjølve distriktet Karaburun, ligg distrikta Urla og Çeşme delvis på halvøya.
Karaburunhalvøya er delt av fire eid, som gjev ho ei kompleks form med fleire mindre halvøyar.
Campusen til İzmir teknologiinstitutt og İzmir teknologiutviklingssone ligg på Karaburunhalvøya, begge av dei i distriktet Urla.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karaburun Peninsula, Turkey» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2012.