Provinsen İzmir
Provinsen Izmir (tyrkisk İzmir ili) er ein provins i Tyrkia vest i Anatolia ved kysten av Egearhavet. Hovudstaden i provinsen er İzmir. I vest er provinsen omgjeven av Egearhavet og ligg kring İzmirbukta. Han har eit areal på 11 973 km.2, og tett opp under fire millionar innbyggjarar. Naboprovinsane er Balıkesir i nord, Manisa i aust og Aydın i sør.
İzmir | |||
İzmir ili | |||
region | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Del av | Egearregionen, İzmir Subregion | ||
Hovudstad | İzmir | ||
Areal | 11 973 km² | ||
Folketal | 3 948 848 (2010) | ||
Folketettleik | 330 / km² | ||
Bilnummer | 35 | ||
Retningsnummer | 232 | ||
Provinsen İzmir 38°25′08″N 27°07′47″E / 38.418888888889°N 27.129722222222°E | |||
Wikimedia Commons: İzmir Province |
Dei største elvane i provinsen er Küçük Menderes, Koca Çay (med Güzelhisardemninga) og Bakır Çay.
Distrikt
endreProvinsen Izmir er delt inn i 30 distrikt (byistrikt er utheva):
Av desse er Balçova, Bayraklı, Bornova, Buca, Çiğli, Gaziemir, Güzelbahçe, Karabağlar, Karşıyaka, Konak og Narlıdere kjernedistrikt som utgjer byen İzmir.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Izmir Province» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.