Karaginskijøya (russisk Карагинский остров; Karaginskij ostrov) er ei øy i Karaginskijbukta i Beringhavet. Ho høyrer til Korjakia i Russland. Det 40 km breie sundet mellom Kamtsjatkahalvøya og denne øya vert kalla Litkesundet.

Sjølv om øya ikkje er busett har karagin-korjakane tradisjonelt heldt til på Karaginskijøya. Reinsdyrgjetarar heldt framleis til på øya i periodar av året.

Øya har eit areal på 2404 km², er 101 km lang og opp mot 27 km brei. Det høgaste punktet på øya er 912 m. Karaginskijøya er dekt av tundravegetasjon og underskog av seder. Om sommaren veks det mykje blomar på øya.

Øya ar ein Ramsarstad.

I dag er ho eit populært mål for turistar som kjem for å oppleve dyrelivet. [1]

Nærliggande øyar endre

  • 45 km nord for Karaginskijøya ligg den vesle Verkhoturovøya. Ho er 3,5 km lang og berre om lag 500 meter brei i snitt.

Kjelder endre

  1. fotosearch.com, arkivert frå originalen 11. august 2017, henta 30. juli 2008 

Bakgrunnsstoff endre

58°55′N 164°20′E / 58.917°N 164.333°E / 58.917; 164.333