Rein

pattedyrart
(Omdirigert frå Reinsdyr)
Reinsdyr
Rein i Sverige. Foto: Alexandre Buisse
Rein i Sverige.
Foto: Alexandre Buisse
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av reinsdyr
Utbreiinga av reinsdyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Underfamilie: Capreolinae
Stamme: Rangiferini
Slekt: Rangifer
Art: Reinsdyr R. tarandus
Vitskapleg namn
Rangifer tarandus

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr (Cervidæ) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinen lever i dei nordlegaste landområda på jorda, og klarar seg fint i ekstrem kulde og djup snø. Reinen skil seg frå resten av hjortedyra ved at også hoa har gevir. Rein vurderes per mai 2021 som nær truet NT.[1]

Dyra har særleg vore viktige i samisk kultur, der dei er blitt haldne som tamrein i lange tider. I nyare tid er og reinen blitt forbunde med jula og julenissen, særleg i engelsktalande land.

Liten reinflokk med albino i spissen.

Åtferd endre

Reinen er eit flokkdyr, og går saman i grupper frå tjue dyr til fleire tusen. Reinen bruker først og fremst luktesansen for å forsterke sanseinntrykket sitt av verda, sidan han ser ganske dårleg.

Reinen er i tillegg ein god symjar og klarer utan problem å krysse elver og sund. Det er heller ikkje noko treigt dyr, og kan i korte periodar nå ein fart på over 60 km/t. Vanlegvis held det ein hastigheit på litt under det halve.

Føde endre

Omtrent halvparten av reinen si føde består av lav, men dei et også skot frå buskar, bjørkeblad og gras om våren og sommaren. Om vinteren, når det er knapt med mat, kan ein ofte sjå rein som grev vekk snøen for å komme til lavet som ligg under.

Forplanting endre

 
Simle med kalv.
 
To reinar
Foto: geoatlas.no

Paringstida er frå august til november, avhengig av leveområdet. Bukkane (hanndyra) kjempar mot kvarandre, og det samlar seg ofte ei gruppe med 10–15 simler (hodyr). Drektigheitstida er på litt over 7 månader, og simla føder vanlegvis éin kalv.

Reinen er det einaste hjortedyret der hodyret også har gevir, og dette geviret har simlene heilt til dei har født. I denne perioden har ikkje bukkane gevir. Simlene har makta denne perioden og har fyrsterett til maten sidan ho ber kalven. Reinkalven kan løpe ganske raskt allereie 24 timer etter fødselen. Saman med at reinen held seg samla, minskar dette faren for at reinkalvane vert tatt av rovdyr.

Tilstand og utbreiing endre

Reinen er ikkje utryddingstrua, men har forsvunne frå somme stader i Canada og Sibir etter at vasskraftutbygging har øydelagd gamle trekkvegar. I nokre område i Fennoskandia er det blitt for mykje rein, og mange dyr er no trua av matmangel.

Den einaste villreinstammen i Europa lever i fjella i Sør-Noreg.[2]

Underartar endre

 
Springande svalbardrein.
  • Svalbardrein (R. tarandus platyrhynchus) finst på Svalbard, og er den minste underarten av rein.
  • Fjellrein (R. tarandus tarandus) finst på tundraen frå Fennoskandia i vest tvers over det eurasiske kontinent til Beringsundet i aust.
  • Skogsrein (R. tarandus fennicus) Vill skogsrein i Fennoskandia finst berre i to område, i finsk/russiske Karelia, og ein liten populasjon i sentrale, sørlege Finland. Kareliadyra finst også langt inne i Russland, og det er spørsmål om reinen lenger aust også er «fennicus».
  • Nord-amerikansk rein (R. tarandus caribou) Som finst i nord-amerikanske skogar så langt sør som Maine og Washington. Caribouen har forsvunne frå mesteparten av deira originale område, og er sett på som trua der dei framleis er, bortsett frå Migratory Woodland Caribou i det nordlege Quebec og Labrador, Canada.
  • Høgarktisk kanadisk rein (R. tarandus pearyi) finst på øyene i den kanadiske Arktis.
  • Grønlandsrein (R. tarandus groenlandicus) finst i det nordlege Canada. Dette er den mest talrike av underartane i Nord Amerika.
  • Alaskacaribou (R. tarandus granti) finst på Alaska og det nordvestlege Canada.
  • Arktisk rein (R. tarandus eogroenlandicus) er ei Aust Grønland populasjon som har vore utdøydd sidan 1900.

Rein i kulturen endre

Rein som har blitt temt, ofte kalla tamrein, er eit viktig dyr i nordområda fordi han er så allsidig. Reinen har opp gjennom tida blitt brukt til mat, klede i form av reinpels og som trekkdyr. Samar har brukt reingevir til å lage reiskapar med, og reinsener som sytråd. Reinen er framleis det viktigaste dyret for samane.

Med rot i Robert L. Mays bok frå 1939 om Rudolph the Red-Nosed Reindeer er reinen ofte blitt forbunde med julenissen; det trufaste reinsdyret hans, Rudolf, og åtte andre reinar som trekker julenissesleden over himmelen.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av rein Rangifer tarandus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rein