Karatal

Karatal (russisk Каратал) er ei elv i Dzjungarisk Alatau i Kasakhstan, nær grensa til Kina. Elva renn hovudsakleg nordvestover og snur nordover i Sarjesik-Atyrau, ein stor sandørken sør for Balkhasjsjøen, som elva etter kvart munnar ut i. Karatal frys til i desember og vert først isfri igjen i mars.

Karatal
elv
Karatal balkhash.jpg
Karatal renn ut i Balkhasjsjøen sett frå rommet i september 1996
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Nedslagsfelt 19 100 km²
Lengd 390 km
Kjelde Dzjungarisk Alatau
Munning Balkhasjsjøen

Karatal
46°28′31″ N 77°13′7″ E

KjeldeEndra