Kardítsa
Lokalt namn Καρδίτσα

Gate i Kardítsa
Geografi
Stad Thessalía
Koordinatar 39°22′N 21°55′E / 39.367°N 21.917°E / 39.367; 21.917
Areal 647,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Kardítsa
Hovudsete Kardítsa (38 999 innb.)
Demografi
Folketal 55 979 (2021[1])
Folketettleik 86,4 /km²

Kardítsa (gresk Καρδίτσα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudsete i periferieininga. Området har vore busett sidan rundt år 9000 fvt. Kardítsa ligg sørvest for Palamás og Lárisa, vest for Fársala og Vólos, nordvest for Aten, Lamía, Domokós og Sofádes, nord for Karpenísi, nordaust for Árta og søraust for Tríkala, Grevená, Ioánnina og Kalambáka.

Kardítsa har skular, latinskular og gymnas. Her ligg veterinærinstituttet til Thessalía universitet, kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein togstasjon langs Tríkala-Kardítsa-Domokós-linja. Kardítsa er ein av dei mest syklistvenlege byane i Hellas med mange sykkelstiar. Om lag 30 % av all transport i byen skjer på sykkel.

Historie endre

Kardítsa var den første byen i Europa som vart frigjeve frå nazistane sin okkupasjon under den andre verdskrigen. Felttoget i Thessalía vart utkjempa av ELAS (gresk Ελληνικός Λαϊκός Απελευθερωτικός Στρατός, Ellinikós Laikós Apelevtherotikós Stratós), eller Det greske folkets frigjeringshær, den militære avdelinga til den venstreorienterte Nasjonal Frigjeringsfront (EAM).

Administrativ inndeling endre

 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Kardítsa. ██ 1 - Kardítsa ██ 2 - Ítamos ██ 3 - Kallifóni ██ 4 - Kámbos ██ 5 - Mitrópoli
 
Den tidlegare kommunen Kardítsa, no kommunaleininga Kardítsa

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 55 979 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kardítsa hadde 44 700 og tettstaden med same namn 38 999 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kardítsa Kardítsa 38 554 38 999
Karditsomagoúla Kardítsa 2 063 1 950
Mávrika Kardítsa 565 1 273
Mitrópoli Mitrópoli 1 262 1 113
Artesianó Kardítsa 1 296 1 104
Kallifóni Kallifóni 1 017 823
Kallíthiro Ítamos 928 797
Makrykhóri Kámbos 822 697
Stavrós Kámbos 792 668
Pródromos Kámbos 811 645
Ájos Theódoros Kámbos 682 620
Paleokklísi Kardítsa 689 595
Mýrina Kámbos 684 589

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre