Kardemomme by

Kardemomme by er ein temapark i Kristiansand Dyrepark. Han er laga etter boka Folk og røvere i Kardemomme by av Thorbjørn Egner.

Inngangen til Kardemomme by.

Byen, som vart opna i 1991, er laga nøyaktig etter teikningane i boka. Thorbjørn Egner fekk sjå byen under bygging, men levde ikkje lenge nok til å få sjå han ferdig.

Byen består av 33 hus, der 8 er utleigebustader. I høgsesongen er det skodespelarar som utgjer bebuarane i byen, der han kan møte dei ulike figurane frå boka; politimeister Bastian, tante Sofie, røvarane Kasper, Jesper og Jonathan og mange fleire. Byen har også ein fungerande trikk, med to haldeplassar, som i boka, med trikkeførar Syvertsen som trikkekonduktør.

Byen har også eige fungerande postkontor, med postnummer «4609 Kardemomme by».

Sommaren 1991 vart kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og prinsesse Märtha utnemnde til æresborgarar av byen.[1]

8. juni 2011 vart 20-årsdagen til byen feira. Harald Egner og Turi Egner Olderheim, barna til Thorbjørn Egner, var til stades under feiringa.

Det er også sett opp ein byste av Thorbjørn Egner i byen.

Kjente hus i Kardemomme byEndra

  • Tårnet til Tobias
  • Tante Sofies hus
  • Politimester Bastians hus
  • Fengselet
  • Barberer Sørensens frisørsalong
  • Røverhuset (som ligger rett utenfor Kardemomme by)

KjelderEndra

  1. Kardemomme by, dyreparken.no

BakgrunnsstoffEndra