Thorbjørn Egner (12. desember 191224. desember 1990) var ein norsk forfattar og biletkunstnar. Egner hadde mykje å seia for norsk barnelitteratur. Han jobba i Barnetimen, han skreiv og omsette songar og bøker, han teikna og laga grafikk.

Thorbjørn Egner

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1912
Christiania, Oslo
Død

24. desember 1990 (78 år)
Oslo

Yrke skribent, illustratør, omsetjar, komponist, manusforfattar, låtskrivar, barnebokforfattar
Thorbjørn Egner på Commons

Egner voks opp på Kampen i Oslo. Han utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, mellom anna under Per Krohg, og livnærte seg ei tid som reklameteiknar. I 1945 drog han til København for å læra litografi hjå Christian Sørensen, der han blei kjend med mange komande kunstnarar, som Robert Jacobsen, Richard Mortensen og Asger Jorn. Han følte seg heime i Danmark, og følte det opna auga hans for resten av verda. Under den andre verdskrigen skreiv han to bøker om gamle hus i Vågå og Rauland som han sjølv illustrerte. Egner laga òg tresnitt til Hans E. Kinck sine noveller.

I tillegg til biletkunsten var Egner svært interessert i teater. Alt som student heldt han teaterklassar og skreiv småstykke. Seinare skulle han dramatisera og setja opp fleire av stykka han hadde laga for ungar. I tillegg dikta og framførte Egner eigne viser.

Det er likevel som barnebokforfattar og forteljar i Barnetimen for dei minste at Egner er best hugsa. Han dikta opp stader som Kardemomme by og Hakkebakkeskogen, der alt går bra til slutt dersom berre alle gjer så godt dei kan. Med Karius og Baktus skapte han figurar som var både søte og skremmande, og gjorde ein stor innsats for å betra tannhelsa. Bøkene og platene hans selde i store opplag, og er blitt omsette til ei rekkje språk. Egner gav òg ut ein serie lesebøker for grunnskolen, meint til å vera interessante og fornyande, der han både skreiv eigne tekstar og plukka frå andre sine.

Egner var òg omsetjar som gjendikta og illustrerte. Han gav Noreg ein fritt omsett Ole Brumm frå A. A. Milne sin Winnie the Pooh, og omsette «Tommy og elefanten» av H. G. Wells og «Doktor Dyregod» av Hugh Lofting.

Thorbjørn Egner var gift med Annie Egner (fødd Eliasen), som han hadde møtt på Oslo kommunale handelsskole då dei begge var atten. Dei fekk fire ungar saman.

Utmerkingar

endre

I 1972 vart Egner tildelt St. Olavs orden «for fortjensfull kulturell innsats». I 1975 fekk han Spellemannprisen for Ole brumm og vennene hans, i 1977 for Folk og røvere i Kardemomme by og i 1982 for De beste Egner-viser, alle i klassen barneplate. I 1983 vart han tildelt Peer Gynt-prisen. I 1979 fekk han Cappelenprisen.

Barnebøker

endre
  • 1940Barneboka, skriven i lag med Sigurd Winsnes.
  • 1940Malermester Klattiklatt dypper kosten - og tar fatt
  • 1941Den nye barneboka, skriven i lag med Sigurd Winsnes.
  • 1941Truls og Kari: en liten bok for store og små
  • 1942Truls og Kari kommer til den store byen
  • 1942Ola-Ola som alle dyra var så glad i
  • 1942Småfolk
  • 1942Klattiklatt: malebok med bilder og vers
  • 1942Malermester Klattiklatt gjør vinter til sommer
  • 1943Klattiklatt drar til negerland
  • 1943Truls og Kari i den store digre skauen
  • 1943Hva sier dyra?
  • 1943Lekene mine
  • 1943Svarten
  • 1943Store og små er ute og kjører
  • 1943Jumbo som dro ut i verden
  • 19431-2-3: Telleboka
  • 1945Klattiklatt i hjemmefronten
  • 1945Hesten, kua og de andre
  • 1946Da Per var ku
  • 1946Stormen
  • 1949Karius og Baktus
  • 1951Tretten viser fra barnetimen (songbok)
  • 1952Nye viser fra barnetimen (songbok)
  • 1953Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen'
  • 1955Folk og røvere i Kardemomme by
  • 1971Bamsefar og andre viser fra barnetimen (songbok)
  • 1973Kaptein Sorte Bill og andre viser (songbok)
  • 1976Musikantene kommer til byen
  • 2000Barna i Humlegata
  • 2000Ola-Ola på Heia
  • 2000Ola-Ola og barna på Heia
  • 2000Sommer på Heia

Gjendiktingar av barnebøker

endre
  • 1954Hugh Lofting: Doktor Dyregod – originaltittel: Doctor Doolittle. Songane i boka er skrivne av Egner med tonesetjing av Christian Hartmann.
  • 1956Astrid Lindgren: Lillebror og Karlson på taket – originaltittel: Lillebror och Karlsson på taket.
  • 1956Astrid Lindgren: Lilibet sirkusbarn – originaltittel: Lilibet cirkusbarn.
  • 1956A. A. Milne: Ole Brumm og vennene hans – originaltittel: The house at Pooh Corner.
  • 1970 – A. A. Milne: Den store Ole Brumm-boken – originaltittel: The Pooh story book. Omsett av Egner saman med Rikka Bjølgerud Deinboll.
  • 1975 – A. A. Milne: Ole Brumm – originaltittel: Winnie-the-Pooh.
  • 1976Egon Mathiesen: Katten med de blå øynene – originaltittel: Mis med de blå øjne.
  • 1976 – A. A. Milne: En ekspedisjon til Nordpolen – originaltittel: «An expotition to the North Pole» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1976 – A. A. Milne: Kengu og Kengubarnet kommer til skogen – originaltittel: «Kanga and Baby Roo come to the Forest» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1976 – A. A. Milne: Nasse Nøff møter en elefant – originaltittel: «Piglet meets a heffalump» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1976 – A. A. Milne: Ole Brumm går på besøk og Brumm og Nasse Nøff fanger nesten en... – originaltittel: «Pooh goes visiting and Piglet nearly catches a woozle» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1976 – A. A. Milne: Ole Brumm og noen bier – originaltittel: «Winnie-the-Pooh and some bees» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1976 – A. A. Milne: Tussi har fødselsdag – originaltittel: «Eeyore has a birthday» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1977 – A. A. Milne: Kristoffer Robin lager selskap for Ole Brumm – originaltittel: «Christopher Robin gives a Pooh party» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1977 – A. A. Milne: Nasse Nøff blir fullstendig omringet av vann – originaltittel: «Piglet is entirely surrounded by water» frå Winnie-the-Pooh.
  • 1977 – A. A. Milne: Nøff gjør noe storartet – originaltittel: «Piglet does a very grand thing» frå The house at Pooh Corner.
  • 1977 – A. A. Milne: Tigergutter kan alt – originaltittel: «Tiggers don't climb trees» frå The house at Pooh Corner.
  • 1977 – A. A. Milne: Tussi finner et uglehus – originaltittel: «Eeyore finds the wolery» frå The house at Pooh Corner.
  • 1978 – A. A. Milne: Ole Brumms fødselsdagsbok – originaltittel: The Pooh birthday book.
  • 1978 – A. A. Milne: Ole Brumm bygger hus på Bjørnehjørnet – originaltittel: «A house is built at Pooh Corner for Eeyore» frå The house at Pooh Corner.
  • 1978 – A. A. Milne: Ole Brumm finner på en ny lek – originaltittel: «Pooh invents a new game» frå The house at Pooh Corner.
  • 1979 – A. A. Milne: Tigergutt må venne seg av med å dytte – originaltittel: «Tigger is unbounced» frå The house at Pooh Corner.

Lesebøkene

endre

Bøkene er redigerte av Thorbjørn Egner saman med Karen Jacobsen og Helene C. Kløvstad, Egner illustrerte og skreiv også tekstar sjølv til bøkene.

Bokmålutgåvene:

  • 1. - I byen og på landet : for første halvdel av annet skoleår
  • 2. - Gode venner : for siste halvdel av annet skoleår
  • 3. - Sør og nord i landet : for første halvdel av tredje skoleår
  • 4. - Verden er stor : for annen halvdel av tredje skoleår
  • 5. - Hav og hei : for første halvdel av fjerde skoleår
  • 6. - Det var en gang : for annen halvdel av fjerde skoleår
  • 7. - Gode naboer : for første halvdel av femte skoleår
  • 8. - Mellom bakkar og berg : for annen halvdel av femte skoleår
  • 9. - Framover : for første halvdel av sjette skoleår
  • 10. - Hverdagens saga : for annen halvdel av sjette skoleår
  • 11. - Fra bokhylla : for første halvdel av sjuende skoleår
  • 12. - Norge vokser : for annen halvdel av sjuende skoleår
  • 13. - Verdens mestere : for åttende skoleår : små glimt fra verdenslitteraturen
  • 14. - Tidens tale : for ungdomsskolens åttende skoleår
  • 15. - Kunst og kulturarv : essays og artikler - og glimt fra litteraturen
  • 16. - Diktning og diktere : for niende skoleår

Thorbjørn Egners lesebøker kom òg i nynorskutgåve, omsetjinga var det Halldis Moren Vesaas som stod for.

Nynorskutgåvene:

  • 1. - I byen og på landet : for fyrste halvdelen av andre skuleåret
  • 2. - Gode venner : for andre halvdelen av andre skuleåret
  • 3. - Sør og nord i landet : for fyrste halvdelen av tredje skuleåret
  • 4. - Verda er stor : for andre halvdelen av tredje skuleåret
  • 5. - Hav og hei : for fyrste halvdelen av fjerde skuleåret
  • 6. - Det var ein gong : for andre halvdelen av fjerde skuleåret
  • 7. - Gode grannar : for fyrste halvdelen av femte skuleåret
  • 8. - Mellom bakkar og berg : for andre halvdelen av femte skuleåret
  • 9. - Framover : For fyrste halvdelen av sjette skuleåret
  • 10. - Kvardagens saga : For andre halvdelen av sjette skuleåret
  • 11. - Frå bokhylla : For fyrste halvdelen av sjuende skuleåret
  • 12. - Noreg veks : For andre halvdelen av sjuande skuleåret
  • 13. - Verdsmeistrar : Små glimt frå verdslitteraturen : For åttande skuleåret
  • 14. - Vår tids tale : for åttande skuleåret i ungdomsskulen
  • 15. - Kunst og kulturarv
  • 16. - Dikting og diktarar : for niande skuleåret

Bøker om Thorbjørn Egner

endre

Kjelder

endre