Kari Diesen

norsk skodespelar og songar

Kari Diesen (24. juni 191418. mars 1987), fødd Kari Heide-Steen, var ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho vart særleg kjend for sine roller i revyar og filmar.

Kari Diesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1914
Christiania
Død

18. mars 1987 (72 år)
Oslo

Yrke skodespelar, songar
Far Harald Steen
Mor Signe Heide Steen
Ektefelle Ernst Diesen
Kari Diesen på Commons

Foreldra hennar, Harald Steen og Signe Heide-Steen, var begge skodespelarar. Sjølv fekk ho tidleg barneroller på teatera i hovudstaden. Frå 1930-talet var ho ein populær aktør gjennom sine mange komiske figurar på revyscenene Chat Noir og Edderkoppen, der ho vekselvis var tilsett fram til 1964. På 1950- og 1960-talet spelte ho i mange filmar, mest kjend er ho for filmane Støv på hjernen, Sønner av Norge og Sønner av Norge kjøper bil.

I 1957 fekk Diesen stor suksess med songen «Hovedøen» av Vilhelm Dybwad, utgitt på His Master's Voice.

Kjelder endre