Kari Elisabeth Kaski

norsk politikar

Kari Elisabeth Kaski (fødd 12. juli 1987) er ein norsk politikar frå Kirkenes, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti sidan 2017.

Kari Elisabeth Kaski

Fødd12. juli 1987 (36 år)
Kirkenes
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
EktefelleOla Skaalvik Elvevold
Alle verv

Kaski er utdanna ved Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og Université de Bourgogne. I studietida var ho medlem av sentralstyret i Natur og Ungdom. Perioden 2011–15 arbeidde ho for Miljøstiftelsen Zero. På landsmøtet til Sosialistisk Venstreparti våren 2015 var ho vald til partisekretær. Ho trekte seg frå stillinga i 2017, etter ho vart vald til fyrstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Oslo ved det komande stortingsvalet. På Stortinget fekk ho plass i Finanskomiteen, ein posisjon ho hadde heile tingperioden. På SV sitt landsmøte i 2019 stilte ho til val som nestleiar, men tapte med 100 mot Torgeir Fylkesnes sine 108 røyster.

Kjelder endre