Kari Karlsen (fødd 5. februar 1952) er ein norsk, tidlegare høgdehoppar. Ho vart noregsmeister i øvinga i fire år på rad, 1970-73, i 1971 vart ho tildelt kongepokalen for vinnarhoppet på 1,76 m. Karlsen var medlem av Oslo Idrettslag.

Kari Karlsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1952 (72 år)
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Karlsen slo gjennom på nasjonalt nivå då ho i 1968 som ei av tre jenter fekk bronsemedalje i høgdehopp under NM med resultatet 1,50 m. Den suverene vinnaren, Anne Lise Wærness, gjekk over 1,72 m. Sesongen etter nærma Karlsen seg Wærness sitt nivå, under NM heldt ho fylgje til 1,67 m, medan Wærness også klarte den neste høgda; 1,70 m.

Åra 1970-73 vann Karlsen høgdehopptevlinga under NM. Dei to sesongane 1970 og 1971 forbetra ho den norsk rekorden fire gongar frå 1,74 m til 1,80 meter. Hennar bestehopp på 1,80 m kom i London 17. juli 1971. Ho kom på ellevteplass ved EM i friidrett 1971 i Helsingfors, etter eit hopp på 1,75 m. Vinnaren Ilona Gusenbauer frå Austerrike gjekk over 1,87 m.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • Gull: 1970-73
  • Sølv: 1969
  • Bronse: 1968

Kjelder endre