Kari Martinsen

Kari Marie Martinsen (fødd 20. januar 1943) er ein norsk sjukepleiar, magister i filosofi og dr.philos. Ho er professor emerita i sjukepleievitskap ved Høgskolen i Harstad og Haraldsplass diakonale høgskole. Martinsen er anerkjent for å har kome med eigna bidrag innanfor omsorgstenkning og sjukepleie.

Kari Martinsen
FøddKariMarie Martinsen
20. januar 1943
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdesjukepleie
Yrkesjukepleiar, professor, filosof
InstitusjonarAarhus Universitet
Universitetet i Bergen
Alma materUllevål sykehus
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen

Martinsen har vore tilsett ved Danmarks sygeplejerskehøjskole, no Institutt for sygeplejevidenskab ved Århus universitet, og seinare ved Avdeling for sjukepleie, Universitetet i Tromsø. I 1998 vart ho knytt til seg Lovisenberg diakonale høgskole, og i 2002 vart ho tilsett ved Institutt for samfunnsmedisin, Seksjon for sjukepleievitskap, Universitetet i Bergen. Martinsen har skrive ei rekkje bøker og artiklar innanfor omsutsfilosofi, historie og sosialpolitikk.

I staden for fokus på omgrepdefinisjonar og tekniske oppgåver har Martinsen søkt å retta blikket mot kva pleie og omsut eigenleg handla om. Difor byrja ho på eit studium i filosofi for å finna ut av dette, og ho markerte seg som ein kritikar av den herskande positivismen, influert av Hans Skjervheim. Utover i karriera si har ho lagt større og større vekt på den danske filosofen Knud Ejler Løgstrup. På mange måtar er Martinsens tankar på eit meir metafysisk nivå enn eit reint sjukepleie-praksis-nivå, men det tek opp grunnleggjande problemstillingar som ein møter som sjukepleier i kontakt med pasientar.

Martinsen sine utgjevingar på 90-talet vart vurdert som samfunnskritiske, og ho mottok kritikk frå Norsk Sjukepleiarforbund som oppfordra medlemmane sine til ikkje å lesa tekstane hennar. Dei utestengte Martinsen frå NSF, men i 1993 bad forbundet offisielt om orsaking.[1]

Kongen utnemnde i 2011 Martinsen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hennes innsats innen sykepleie.» I 2013 mottok ho Admiral Carl Hammerichs minnelegat for innsatsen sin for dansk-norsk samarbeid innan sitt fagområde.[2]

I mars 2013 vart boka Nødvendige omveier utgjeven i samband med 70-årsdagen til Martinsen. I boka diskuterer 23 ulike forfattarar fleire av dei temaa som ho har skrive om i forfattarskapet sitt; som omsutsfilosofi og etikk, kunnskap og danning og historie og helsepolitikk.

Utvald bibliografiEndra

  • Omsorg, medisin og sykepleie (1989) Universitetsforlaget.
  • Fra Marx til Løgstrup (1993) Universitetsforlaget.
  • Fenomenologi og omsorg (1996) Universitetsforlaget.
  • Samtalen, skjønnet og evidensen (2005) Akribe Forlag.
  • Care and vulnerability (2006) Akribe Forlag.
  • Å se og å innse (2009) Akribe Forlag.

ReferansarEndra

  1. «Omsorgsfilosof i kamphumør». forskning.no. Henta 10. januar 2017. 
  2. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, vitja 16. april 2011.